Luftskipet Noreg er ei alternativ rockegruppe frå Stavanger med sjuk interesse for tysk og nynorsk, samt psykiatriske institusjonar og familieproblem. Gruppa byrja som eit ambisjonslaust prosjekt, men vart etter kvart råda til å melde seg på UKM 06. Kulturmønstringa førte Luftskipet heilt til landsfinalen i Trondheim. Framsyningane i UKM vart følgt av ein konsert på Checkpoint Charlie. Luftskipet flaug deretter til Trondheim kor mannskapet tok seg ein pust i bakken. No er dei endeleg tilbake, og jobbar for tida med nye songar.
Inspirasjonskjeldene har vore mange, alt frå 70-tallsheltane Led Zeppelin til dei moderne indie-rockarane Interpol, utan at dette har klart å påverke musikken noko særleg. Luftskipet følgjer sine eigne overraskande luftstraumar. At bandmedlemmane aldri har vore redde for å skilje seg ut, kan ein sjå i musikkken og sceneframsyningene til LN. Gjennom konsertane har gruppa utvikla ei sær sceneframsyning kor det både er plass til trekkspel og orgel.
For booking: [email protected]