Hepatica Nobilis profile picture

Hepatica Nobilis

About Me


Magne og Terje møttest i tyskklassen til Hans Riise på gymnaset. Gjennom durch, für, gegen, ohne, um kom dei fram til at eit band måtte skipast. På jakt etter ein trommis kom dei over Asle som hamra seg nevrotisk på låra i gangen. Rytmesansen såg ut til å vere i orden, og han vart dregen inn i bandet.
Musikkverkstaden på Solhov stod klar til å ta imot bandet med instruktør og utstyr, og det var berre å setje i gang. Asle hadde aldri spelt trommer, og hadde ingen trommestikker, men på første øving gjorde kleshengjarar susen. Rytmesansen og koodineringsevna var god, og med litt øving så gjekk det bra!
Første tre låtar var "Wild thing" med Magne på vokal, "Lithium" med Terje på vokal og "Jumpin' Jack Flash" med Asle på vokal. Asle kom best ut av det, Terje definitivt verst, mens Magne vart ein grei reservevokalist og korgut. Første konsert med nemde låtar på repertoaret var framførd på ei samling i Solhov.
I løpet av dei to første åra vart fleire bandmedlemmar prøvde ut, både kvinner og menn, og Runar var ein periode med i bandet. Diverse konsertar vart det, bla.a. var bandet husorkester under Sogndalsrussen 96 sin opptreden på Heradshusplassen. Einskilde hugsar kanskje også hallingkasta til Asle på eit bandstand, der magne spelte hardingfele og Terje heldt eit svært papprøyr med hatten i enden.
Ein del heimesnekra låtar måtte festast til tape som ein avslutning på gymnastida og sommaren 1996 bestemde bandet seg for å gå i studio. Dette tok heilt av, og resultatet var cd'en "Problem?". CD'en kom ut, kanskje ikkje til all verdas god omtale i Sogn Avis, men salget tok heilt av og har vel no etter 10 år runda vel 100 eksemplar. Så er du eigar av "Problem?" so er du faktisk med i ein eksklusiv klubb!
Ulike geografiske vegval etter gymnaset gjorde til at bandet ikkje lenger fekk høve til regelmessige samlingar. Førebels siste konsert var holdt på bandstand på Trøkkeriet hausten 96, men ein kan aldri utelate attendekomst frå bandet. Siste sprell hadde deler av Hepatica Nobilis på ein campingplass på Voss i samband med Magne sitt utdrikningslag. Her selde den vordande brugdommen ein del plater, og ein heldig stril fekk ein aldri så liten konsert på plata utanfor campingvogna si. Bilete frå denne seansen finn du her på MySpace/hepaticanobilis.
Kva framtida tek med seg er det kun nissen som veit...

My Interests

Music:

Member Since: 24/02/2007
Band Website: http://www.kjorlaug.com/hepatica/
Band Members: Asle - vokal, trommer, orgel, koring
Magne - bass, gitar, vokal, koring
Terje - gitar, synth, koring
Influences: Eh, det kan ein jo alltid spørje seg. Seine kveldar i Lærdal, Hamsun, fysikktimane til Asle, perrongen til 17. mai-toget i Vik, REM, Circus Arnardo, rundar med Volvoen i Fjøra, dramatiske situasjonar i kinosalen, forstyrra tankar, englar, fuglar og sterk kaffi
Sounds Like: Alt musikken er påverka av, jf. førre punkt
Record Label: Sløve Løve Inc.

My Blog

Hepatica på Facebook

Hepatica Nobilis er ei populær gruppe på veven, og har no fått seg ei eiga gruppe på Facebook.com. Me reknar med du er er og joinar oss!
Posted by on Tue, 10 Apr 2007 16:01:00 GMT